|
Australiagutta.com Perth 2002-03 |
![]() |
Sjaa gjesteboka
Heimesider: Bjarte Århus Linker: |
Statusrapport Februar 2004
18.02.2004 Nye bilder
på Sverre si side..
06.09.2003 -Min andre tur aleina; 'Hunting
crocodiles in Darwin' New Zealand bilder..
29.05.2003 Endelig nokre bilder..
14.05.2003 Tilbake i Perth..
15.03.2003 Ferdig med
studiene for i aar
14.11.2002 Resten av dagen i dag skal tilbringes paa stranda. Det er i overkant av 35 grader ute og det er straalande sol paa himmelen, saa no er det berre aa fylle kjolebagen med drikkevarer og komme seg avgaarde.. Me har ei droy veke igjen foer me vender nasa heimover til det kalde nord saa me faar prova aa nyta det fine veret saa godt som me kan, og saa maa me jo visa Staale som er kome paa besok kva me har aa by paa her i byen vaar.. Staale kom ned her paa mandag midt i den verste eksamenslesinga saa me har slete litt med aa finne barnevakt til han dei forste dagane. Me hadde heller ikkje noko ekstra soverom til han, saa me tilbaud han aa ligge inne paa eit lite kott utan vindu eller lufte muligheter. Det var akkurat plass til ei madrass der inne og det minna vel meir om ei gattcelle. Toeff som han er gjorde Staale likevel eit forsok paa aa sova her, men etter eit par timar orka han ikkje meir og tok madrassa under armen og la seg til rette i gangen utanfor rommet til Frode og Runar. Men ellers ser det ut til at han har funne seg vel til rette. Han har funne baade oelsjappo og strando saa han klaga ikkje saa mykje. Ha da bra saa lenge. (Vegard, Frode og Runar) Rally Australia,
Vegard i Dagbladet
04.11.2002
Heile dagen var ein kanon suksess. Foerst var me ute i loypa der me verkeleg fekk sjaa nokon som kunne kjora bil. Dei kjoeree heilt vanvittig fort og da er heilt utrulig at dei klare aa holda seg paa vegen. Paa enkelte av hoppene hoppar dei visstnok meir enn 60 meter. Naar Petter Solberg kjorte forbi spela dei Solberg sangen, som Sverre og Obi hadde vore med i studio og spelt inn, over hoytalar anlegget. Dette gjorde jo at gjengen tok heilt av. Me laga saa mykje liv me klarte foer me bussen tok oss inn til byen der det skulle vera premieutdeling. Her sang og klappa me for samtlige av foerarane og kartlesarane foer me avslutta kvelden paa ein uteplass. Utpaa kvelden dukka ogsaa Petter Solberg opp for aa vise kor mykje han satte pris paa stoetten han hadde faatt i lopet av dagen. Meir om rallyet kan du lesa her: Dagbladet Petter Solbergs heimeside Lene's heimeside Beklager daarlig
oppdatering
25.10.2002 Den siste tida har det vore frykteleg travelt paa skulen. Det naermar seg eksamen og me har eit stort prosjekt som skal leverast inn i slutten av denne veka. Dette har gjort at me har maattet nedprioritere andre mindre viktige ting. Sidan me har hatt det saa travelt i det siste saa har det ikkje skjedd saa mykje spennande heller saa det er ingen som har gaatt glipp av noko. Me hadde riktignok ein fest i helga der me hadde ein dobbel gebursdagsfeiring. Runar vart 28 aar mens vaar venn fraa Kenya, Ndegwa vart 22 aar. Dette vart feira med ein ny multikulturell fest i huset vaart, og det vart som forrige gong ein stor suksess. Diverre vart kameraet me pleier aa ta bilder med oydelagd i lopet av kvelden daa det landa med linsa foerst rett i bakken. Det blir dermed ikkje lagt ut bilder med det aller foerste, men me skal prova aa sjaa om ikkje me kan klara aa skaffa nokon via andre kilder. Neste helg kjem rally sirkuset, med Petter Solberg i spissen til Perth saa daa skal heile den norske studentgjengen her nede stilla opp saman med hans faste supporterskare for aa heia han fram til siger. Paa kvelden skal alle samlast paa ein utestad der me skal sjaa Flaaklypa Grand Prix paa storskjerm. Me lovar at me skal prova aa vera litt flittigare med oppdateringane i tida som kjem. Multikulturell
barbeque
i McKay street
23.09.2002 Store ting kan skje når ein blandar saman forskjellige kulturar på ein ellers så roleg barbeque. Gå inn her og få med deg kva som skjedde i McKay street på lørdag. Heile saken Ny fotball link
15.09.2002 Les om Vegard's nye tilvaerelse som fotballspelar i 3.divisjon i universitets ligaen. Trykk her Sverre fyller
27 år 01.09.2002 Søndag 1.september så vart Sverre 27 år og denne hendinga vart markert med at me hadde fest på ein karaoke restaurant nede i byen. Her leigde me eit rom der det var plass til 15 personer. Me fekk servert mat og drikke fortløpande etterkvart som me gjekk tom, og enkelte fann ut at det var best å få i seg ein del flytande føde før dei var modige nok til å synga ein song. Men alle var nøydd for å synga for me hadde sjølvsagt laga til ein liten song konkurranse. Me fann vel til slutt ut at det ikkje var så mange verdige vinnarar av den konkurransen, men både Frode og Sverre fekk premie for heiderlege forsøk. Bilder fraa festen kan du sjaa paa OBI's heimeside Må bilen dø, eller kan du vera redningen??
22.07.2002 Bli med på redningsaksjon for den kjære bilen vår
Det einaste som kan redda bilen no er ein storstilla kronerulling for å få samla inn nok pengar til å få kjøpt ein ny motor. Det er mange her nede som har hatt nytte av bilen vår og me trur nok at den kjem til å bli savna av alle dei som har vore passasjerar på veg til stranda, til byen eller på ein av våre mange utflukter. Me har difor tenkt å testa ut om det kan vera muleg å samla inn pengar til eit slikt formål på heimesida vår. Avtalen er slik at dei som gir 50 kr eller meir vil få navnet sitt skrevet på bilen (med sprit tusj), dei som gir 100 kr eller meir vil i tillegg få være gratis passasjerer i bilen så mykje dei måtte ønska, noko som må vera ein god avtale for enkelte her nede f.eks Obi. Alt dette forutsett sjølvsagt at me får inn så mykje pengar at bilen kan fiksast. No har me sjølvsagt ikkje den heilt store trua på at nokon kjem til å vera med å sponsa bilen vår, men skulle det visa seg å koma inn meir enn det me treng vil overskuddet bli gitt til Frelsesarmeen. Dette vil også bli gjort viss det kjem inn eit beløp som ikkje er tilstrekkeleg til å gjennomføra reparasjonen. Kontonummeret du kan bruka er: 5700 08 31273 Me treng i utgongspunktet ca 1500 AUD, eller ca 6000 kr for å gjennomføra reparasjonen, og me vil om kort tid laga til eit barometer som viser kor mykje me har fått inn.. Ny romkamerat
i huset 03.08.2002
Navnet paa vaar nye "flatmate" er Ndegwa. Han er 21 aar gammal og er fraa Nairobi i Kenya. Han har engelsk som forste spraak saa no haapar me at han skal hjelpa oss til aa forbedra engelsken vaar ogsaa. Bilder og ein naermare presentasjon av vaart nye multikulturelle innslag i kvardagen vil koma seinare. Innbrudd i 22A
McKay Street 03.08.2002
Heile gjengen hadde vore paa kino, og me hadde berre vore vekke fraa huset i ca fire timar daa me kom heim litt over klokka tolv. Daa me kom inn i stova oppdaga me at verandadora stod open og at det laag glasbrot spredd ut over heile stovegolvet. Inne paa soveroma var alle skuffer dradd ut og det var tydeleg at dei som hadde vore paa besok hadde gaatt grundig til verks. Daa me byrja aa summera opp kva som hadde forsvunne fann me ut at tjuvane verkeleg hadde vunne jackpot. Dei hadde mellom anna tatt baade min og Frode sin baerbare PC. PCane har me til no vorte oppbevart paa eit studierom paa skulen, men pga av diverse innbrudd der den siste tida hadde me tatt dei heim for aa vera paa den sikre sida. Sidan me hadde vore paa kino var det heller ingen som hadde med seg mobilane sine saa dei var ogsaa vekke. Ellers saa hadde dei raska med seg diverse kameraer, kalkulatorar, ein minidiskspelar pluss ein god del kontanter. Til aa begynne med var ogsaa eit par av skulesekkane vaare vekke, men dei vart funnen igjen i ein hage like i naerheten. Heldigvis er alle forsikra saa me vil forhaapentlegvis faa dekka alt, men det tar mykje tid aa ordna opp og alle data som var lagra paa PCane vaare faar me aldri igjen. (Vegard)
|
![]() |
|